Turløyper Stryn
mywebsite004026.gif
LØYPEKART
mywebsite004025.jpg
Eldre løypemeldingar
(1)
Eldre løypemeldingar
(2)
Eldre løypemeldingar
(3)
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
mywebsite024020.gif
Eldre løypemeldingar
(4)
Fredag 15. februar 2013 ca. kl. 13.00

Hei alle saman !

 

Fredag 15. februar : Skya, litt vind, oppholdsveir og ca. 0 grader.

Det har atter vore ei flott vinterveke utan nedbør. Sol og gode løyper.

Komande veke er det mange skular som har vinterferie, og langtidsvarselet melder om mykje SOL og passeleg med kuldegrader. Søndag er venta litt nedbør, - så får vi sjå om det kan bli snø i løypehøgde.

Løypene vert preparerte ved behov.

Vi ser fram til ei veke med godt skiføre og mange som nyttar løypene.

Anbefaler spesiellt ein tur i Panoramaløypa, som er opna til Grendasetra.

 

NB ! Pr. i dag er det litt lite snø i løypa mellom Høgeryggen og Tverrfjellet, likeså i Bjørneløypa.

Ber om at De er forsiktige og passar dokke for oppising, og spesiellt i Bjørneløypa kan det dukke opp kvister !

 

HUGS AT DET IKKJE SKAL LIGGE ATT  SØPPEL PÅ RASTEPLASSANE,

OG AT HUNDELORT VERT FJERNA FRÅ LØYPENE !

 

I morgon, laurdag, skal Markane IL arrangere "Tverrfjelldilten".

FAMILIERENN OG SEEDINGRENN

10 km langt turrenn for familier !

Start og påmelding på Ullsheim mellom kl. 09.00 og 11.00

Kom å bli med !

Sjå renninnbyding her : www.markane.no

Parkeringsvakter på Ullsheim.

Dei som har betalt årskort må hugse å vise kvittering, så slepp de å betale !

 

VIKTIG !! :

Laurdag kl. 12.00 er det start for over 100 løparar som går med startnr.

Dei skal gå 40 km, og nyttar løypetraseen: Ullsheim - Lundesetra - Spjelkebu- Tonningsetra - Vikadalen - Holsetra - deler av Panoramaløypa ut mot Grendasetra,  tilbake til Holsetra og ned til Ullsheim via lysløypa.

Det vert to rundar på 20 km.

Vær snill å ikkje hindre disse i løypa !

 

Løypemeldingar nesten dagleg på vår facebookside : Turløyper Stryn

 

GOD TUR !

mywebsite024020.gif
Eldre løypemeldingar
(5)
mywebsite024019.jpg mywebsite024018.jpg mywebsite024017.jpg mywebsite024016.jpg mywebsite024015.jpg mywebsite024014.jpg
Panoramaløypa
Fredag 1. mars 2013 ca. kl. 12.00

Hei alle saman !

 

Fredag 1. mars 2013 :  Temp. ca. - 2 grader, skya, snø i lufta, solgløtt  :) Nysnø sidan i går ved Holsetra : ca. 25 cm

 

Prepping pågår, - ein runde med veslemaskina er unnagjort.

Det er meldingar om meir snø i helga, håpar det kjem rikeleg ned i turløypehøgde.

Prøvar så godt vi kan, å ta vare på kvart snøfnugg som dalar ned, og preppar ved behov !

Det har vore 2 veker med flott veir,  stor aktivitet i løypene og eventyrlege forhold på alle måtar.

 

Nokre lurer på kvar ein kan betale, - og kronene trengst skal vi greie å holde standarden.

Utgiftene til prepping m.m. er store, og i forhold til kor mange som brukar løypene, hadde vi håpt at fleire av dei faste brukarane hadde betalt inn årskort.

 

Årskort familie kr 800,- Enkel kr 500,-

Betal til konto : 6557 05 08177 Skiturlaget Ullsheim - Stryn Vidaresend denne e-posten om De veit om potensielle som kan vere med på "laget" !!

 

Vi manglar også ein del innbetalingar av tidlegare utsende giroar,

- håpar det er ein forgløymelse,

 fint om De gjev ei tilbakemelding om nokon skal strykast av lista vår !

 

Legg ved foto frå forrige helg,

 - så kan vi drøyme om at sol og blå himmel vil kome når påfyll av snø er ferdig :)

 

Medialinja ved høgskulen i Volda har vore å filma i løypene, - vil De sjå ein snutt ??

 

www.nærnytt.no : Ca. midt i nærnyttsendinga 28.02.

 

 

http://www.nernett.no/?do=article&id=22960

 

 

Vi ynskjer god helg !

 

TURLØYPER STRYN

Hildegunn og Arvid

Facebookside : Turløyper Stryn

www.strynturløyper.no

mywebsite024012.jpg mywebsite024011.jpg mywebsite024010.jpg mywebsite024009.jpg mywebsite024008.jpg mywebsite024007.jpg mywebsite024006.jpg
Fredag 8. mars 2013 ca. kl. 12.00

Temp. ca. – 5 grader og knallblå himmel , SOOOL  ;)

 

Flotte forhold i løypene !

 

Mange lurer på når det vert løype til Veten/Hogden.

Frå Svingesetøyane til Veten er traseen preppa utan spor, skal vurdere å legge eit spor i helga.

Opp frå Tverrfjellet er det skrint med snø, og sidan traseen heller ikkje er planert, har vi store problem med å få til løype der.

 

Panoramaløypa er flott til Grendasetra, og i går vart det prøvd å få til løype vidare, men også der er det lite snø.

Vi jobber med saken ;)

 

Supre veirmeldingar for helga, - vi ser deg vel i sporet ???

 

Legg ved førefoto frå i går og i dag !

 

 

TURLØYPER STRYN AS

Hildegunn og Arvid

Facebookside : Turløyper Stryn

www.strynturløyper.no

mywebsite024004.jpg mywebsite024003.jpg mywebsite024002.jpg mywebsite024001.jpg