mywebsite023038.jpg
Turløyper Stryn
mywebsite004026.gif
LØYPEKART
mywebsite004025.jpg
Eldre løypemeldingar
(1)
Eldre løypemeldingar
(2)
Eldre løypemeldingar
(3)
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
Torsdag 17. januar 2013 ca. kl. 20.00

God kveld alle saman !

 

Ein vakker kveld.

Millionar av stjerner på ein klår himmel, ca. 8 kalde grader.

Framleis ein snøskrinn vinter.

 

Sidan forrige rapport har mange fått seg fine dagar i turløypene, med eller utan ski.

I helga var det reine folkevandringa i det strålande veiret.

På måndag vart løypene fresa og preparerte med den store maskina.

Det gjorde susen i den harde snøen. Klassiskspora vart dobble og djupare.

Traseane har vore oppfriska stort sett dagleg, og etter snøforholda er det fine løyper.

Framleis er det områder der det kjem opp is, - så vær forsiktige !

 

Meldingane for komande helg er SOL !

Vi gledar oss til å treffe mange på tur :-) Preparering vert gjort ved behov.

 

Alle som betalar ÅRSKORT innan den 20. jan. er med i trekning av fleire gåvekort med totalverdi kr 10.000,- hos Moods og Skogstad.

Vonar at ALLE som set pris på turløyper vinter og sommar, kan støtte ein fellesgode for HELSE - OPPLEVING - TRIVSEL !

Det vert lagt ein ein stor jobb for at det skal vere bra, og utgiftene rullar på seg.

Støtte gjev inspirasjon til å gjere det endå bedre , - om økonomien tillet det.

 

Giroar litt i kasser på Ullsheim, Hydla og Tonningsetra.

Elles kan ein betale til kontonr : 6557 05 08177 Skiturlaget Ullsheim-Stryn Familie kr 800,- Enkel kr 500,-

 

Håpar vedlagde foto lokkar fram lysta til ein tur ut og opp :-)

 

Vinterhelsing frå

TULØYPER STRYN

Hildegunn og Arvid

 

Facebookside : Turløyper Stryn

Heimeside : www.strynturløyper.no

Mobil : 416 59859 Hildegunn /  906 37160 Arvid

mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(4)
mywebsite023020.jpg mywebsite023019.jpg mywebsite023018.jpg mywebsite023017.jpg mywebsite023016.jpg mywebsite023015.jpg mywebsite023014.jpg
Folksomt ved Holsetra på ein flott søndag
Kjekt at folk kjem seg ut
 Sola skin over løyper og folk på veg opp Vikadalen
 Lite snø og skare gjorde at rekoniseringsturen i Panorameløypa kunne gjerast unna med sekshjuling
Fine forhold ved Spjelkebu
 Flott turveir
I dag har Arvid sett på forholda i Panoramaløypa, frå Grendasetra mot Holsetra. Konklusjonen er for lite snø endå
Fredag 1. februar 2013 ca. kl. 13.00

Heisann !

 

Ei flott kald veke er snart slutt, - og det har mildna. Holsetra no på ettermiddagen ca. – 3 grader. 4 millimeter med NYSNØ !!

I dag er det Pålsmesse, - og det varslar eit veirskifte. Faren er at det kan bli like lenge med uveir som vi har hatt med fineveir.

Håpar å bli velsigna med nokre snøbyger. Søndag er det  fullmåne, - og siste kveldane har vore fine og lyse.

 

I løypene har det vore forholdsvis bra med folk gjennom heile veka. Forrige helg vart berre eventyrleg, - det aula med ski og gåglade.

Kvivsvegen har gjort susen.  Rask tur frå Volda/Ørsta området, kjekt.

 

På morgon/føremiddag i morgon, vert  traseane bli oppfresa og preppa med doble spor. Dermed er det berre å pakke sekken,

frisk luft og vakker natur ventar på deg. Vi minner om å vere forsiktig i unnarenna.  Elles kan det stadvis vere litt is, sjølv om det vert fresa.

 

Viktige reglar for både på ski og gåande på beina :

Holde til høgre, og vis omsyn ! Hudeeigarar : Ta med hundelorten, la den for all del ikkje bli liggande i traseane !!!! Elles ber vi om at alle held rasteplassane fri for søppel !

 

Vi ynskjer alle ei knakane kjekke helg !

 

TURLØYPER STRYN AS

Hildegunn og Arvid

 

Facebookside : Turløyper Stryn

www.strynturløyper.no

Skiturlaget Ullsheim-Stryn : kto  6557 05 08177

Familie kr 800 Enkel kr 500

Fredag 25. januar 2013 ca. kl. 15.00

Ca. - 4 grader, skya, skodde på toppane og snøfiller dansar i lufta. Ca. 5 - 10 cm nysnø sidan i går. Nypreppa frå Ullsheim - Holsetra - Tonningsetra - Tverrfjellet - ned til Hydla. Fine forhold !

 

I morgon er det "Kyndelsmesse"-  ein kan vente seg ein hard veirbolk med storm og snø. Håpar at det vert snø utan storm :)

 

YR har lovnad om litt meir snø i helga :) Løypene vert preparerte ved behov !

 

Sidan forrige post har vi hatt trekning blant dei som har betalt årskort innan den 20. jan. Dei heldige vinnarane er :

 

1.  Moods        kr 2.000 :          Willy Franzen, Fosnavåg

2.  Skogstad    kr 1.500 :          Reidunn og Ivar Brynestad, Stryn

3.  Skogstad    kr 1.000 :          Randi og Bjørn Bøe, Leinøy 

4.  Moods        kr 1.000 :          Arild Melschiorsen, Sykkylven

5.  Skogstad    kr 1.000 :          Marit Raftevold og Arvid Sølvberg, Hornindal

6.  Moods        kr 1.000 :          Eirik Sølvberg, Voss

7.  Skogstad    kr 1.000 :          Ivar Ulvedal, Stryn

8.  Moods        kr 500:             Jorunn G. og Markvard Sunde, Stryn

9.  Skogstad    kr 500:             Eivind Grov, Loen

10.Moods        kr 500:             Magnar Sunde, Stryn

 

Tusen takk til våre sponsorar for gåvekorta:

Moods of Norway og Skogstad Sport.

 

Vi takkar også alle som har betalt årskort. Ein del av giroane som vart utsende er endå ikkje betalte,- men vi håpar at dei sig atti ;) - og at endå fleire nye sig til !

Sjølv om det har vore lite snø, har det vore store utgifter til nesten dagleg preparering, snøkøyring, mm.

 

Skiturlaget Ullsheim-Stryn : kto 6557 05 08177 Familie kr 800 Enkel kr 500

 

Vi ynskjer alle ei fin snøhelg :)

- og har De alt gløymt fineveirsdagane, sjå vedlagde foto !

 

Snøfluksehelsing frå

 

Hildegunn og Arvid

TURLØYPER STRYN AS

Telf. 906 37160/416 59859

Facebookside : Turløyper Stryn

mywebsite023011.jpg mywebsite023010.jpg mywebsite023009.jpg mywebsite023008.jpg
Fint mot Langhaugen
Gråberg mot Indre Nordfjord
Frå Gråberg mot Sør-Markane mot turløypeområdet
Frå Storevassegga (Middagsfjellet) mot turløypeområdet
Petter Smart tenkjer på sommarstiane. Langvarig frost og gode forhold for flistransport
Fredag 8. februar 2013 ca. kl. 13.00

God ettermiddag !

 

Ein solskinsdag er godt i gong, knallblå himmel og ca. 12 kalde grader.

Flott gnistrande skiføre, og sola varmar :)

 

Mot helg vert det lagt doble spor i dei ordinære traseane, - elles stort sett 1 spor + plass for friteknikk.

 

Siste 3 dagane har vi jobba med å få til meir løyper.

Bjørneløypa mellom Spjelkebu og Langhaugen er no i åpningsfasen, også  PANORAMALØYPA frå Holsetra til Grendasetra vert ein flott tur i helga.

I begge traseane har det vore MYKJE jobb med å få nok snø inn i traseen.

Vi har teke inn ein heil del snø frå sidene, - dosing og køyring att og fram fleire gongar.

Det er ein stor jobb å få til løyper der det ikkje er grunnplanert, stor fare for å treffe steinar og stubbar.

Heldigvis har det gått bra utan skade på utstyr.

I Panoramaløypa vidare frå Grendasetra til Småskorane er dessverre for lite snø for prepping.

 

Pakk sekken og nyyyt ei flott helg i snøen !!

Håpar vi at maaange tek turen ut denne helga.

 

Legg ved foto som viser dagens veir og snøforhold.

 

Vi ynskjer alle ei strålande helg!

mywebsite023006.jpg mywebsite023005.jpg mywebsite023004.jpg mywebsite023003.jpg mywebsite023002.jpg mywebsite023001.jpg
Her skimtar vi Panoramaløypa midt i bildet mot Grendasetra (1)
Ein solskinsdag på Dybevoll
Her skimtar vi Panoramaløypa midt i bildet mot Grendasetra (5)
Koseli med spor etter harepus
Morgontur på gnistrande føre
Ullsheim
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
Eldre løypemeldingar (5 - NYAST):
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(6 - nyast)