Turløyper Stryn
Mandag 29. oktober 2012

 

I helga fekk vi ein PANGSTART på vintersesongen :-) Alt for tidleg tykkjer nok mange, - men aldri har vi  opplevd så mange skiløperar ute ei helg i oktober.

Vi kunne registrere at folk kom både frå fjern og nær, - stor stas :-)

 

Forholda er  gode.

Vi fekk pakka snøen i traseane etterkvart som den la seg,  og  i dag  har arbeidet starta med å ta snø frå sidene og inn i traseen, dermed toler ein litt mildveir.

Snødjupna er ca. 70 cm. Framleis kaldt.  Måndagkveld er det - 10 grader og flott måneskin.

 

Alle hovedtraseane mellom Ullsheim og Stryn Vinterski er preparerte.

 

Løypeavtala med grunneigarane er for sesongen i orden.

I dages "Fjordingen"  er brei dekning om både snøforhold, løypeavtale m.m.

 

Interessa for tilbodet er sterkt veksande,-  ikkje minst etter at Kviven åpna, men også frå andre stader.

 

Svært gledeleg er auken av barnefamiliar i sporet :-)

 

At store deler av løypenettet er grunnplanert og pålagt toppdekke, har stor betydning for kvaliteten på skiløpene.

Også at vi har utstyr som taklar dei fleste føre.

Den populære "Panoramaløypa" har før hatt behov for mykje snø.

Grunna anleggsarbeid som er gjort,  håpar ein tidlegare åpning også av denne traseen.

Den verste "kneika" aust for Grendasetra vart i sommar utbedra.

Ein god del sprengnings- og gravearbeid vart utført for å få det til.

( sjå vedlagde foto )

 

I løpet av sommar/haust er det kome på plass nye skilt langs traseane.

Dette er eit samarbeid mellom Reisemål Stryn og Nordfjord, Gjensidigestiftelsen og Turløyper Stryn.

 

Alt har eit økonomisk aspekt !

Det er svært viktig at brukarane støttar ved kjøp av årskort, og at næringslivet stiller som sponsorar !

Dette er eit fellesprosjekt der alle må dra lasset.

Saman skal vi få det til :-)

 

 

Dei som betalte for år 2012,  vil i løpet av november få tilsendt ny giro.

 

Hugs at årskortet som De betalte i fjor, gjeld t.o.m. 31.12.2012 !

 

 

Er det nokon som har endringar her, adresse, m.m.,

- vær snill å send oss melding om dette, så slepp vi tull med posten !

 

Med ynskje om ein flott vintersesong !

 

Vi satsar på : HELSE - OPPLEVING - TRIVSEL :-)

Løypekartet finn du nedanfor! GOD TUR!

mywebsite004026.gif
LØYPEKART
mywebsite004025.jpg mywebsite021014.jpg mywebsite021012.jpg mywebsite021011.jpg mywebsite021010.jpg
Torsdag 7. november ca. kl. 18.00

 

 Hei alle saman !

 

Det driv å klårnar opp, stjerner på himmelen og temp. -1 grader.

 

Siste veka har det snøa litt, ca. 20 cm.

 

Forholda i løypene er gode, og mange har fått seg nokre fine turar på ski !

Etter yr.no sine meldingar vert det kalde grader til i morgon,

så er meldingane ei veke fram eit mildare veir !

 

Vi preppar ved behov,

og vurderer dette etterkvart i høve til både veir og snømengde !

 

Facebookside : Turløyper Stryn

 

 

God tur !

Torsdag 6. desember ca. kl. 20.30

Hei alle saman !

 

Det er kaldt og hustre, siste veka har gradestokken stort sett vist mellom 8 – 12 grader.

I turløypehøgde er det faktisk litt varme frå sola når den er framme.

Som de kan sjå av vedlagde foto er det lite att av snøen som kom ned i starten av november.

Takka vere god drenering og toppdekke i traseane ligg der endå eit fast snølag.

Gjorde også godt at det vart samla inn snø frå sidene av løypa !

Naturen har i dag varsla litt anna veir !

Overvatn har kome til syne på is og myr, det tyder på eit litt mildare veir, mest sannsynleg noko snø til helga !

Det vil nok glede mange som likar å bruke skia, - og det hevar stemninga i skogen no fram mot jul 

 

For oss vart kulden kjærkomen i forhold til vedlikehold i traseane. Ei bru i Svingesetøyane vart øydelagt under flaumen i fjor.

Området har sidan vore blautt og uframkomeleg med maskiner og utstyr for oppattbygging.

Denne veka er jobben unnagjort, vedlagt bilde viser ei godt tenleg oppattbygd bru. Planen er at også Saurdalselvbrua skal opprustast no.

Under slike forhold er det også ypparleg å få utført transport av flis/grus for toppdekke, - der det manglar !

 

På Ullsheim er idrettslaget i gong med snøproduksjon til nytte på arenaområdet.

 

Når det gjeld løypene pr. idag vart det preppa på føremiddagen etter “melisdrysset” i natt.

Det er ikkje nok snø til å legge spor for klassisk, men det er fint for friteknikk.

Ein kan starte frå Tonningsetra.

Frå skisenteret må ein gå forbi Hydla hyttefelt før ein kan ta på ski.

Med utgongspunkt frå Ullsheim, må ein forbi Dybevoll hyttefelt og innom Turrhaugen før det er tilrådeleg med ski på beina.

 

Oftare oppdatering finn De på vår facebookside : Turløyper Stryn

 

Med denne orienteringa ynskjer vi alle ei triveleg adventshelg!

mywebsite021007.jpg
Løypa frå Turrhaugen
mywebsite021006.jpg
Den nye gapahuken på Ullsheim tek form
mywebsite021005.jpg
Løypa mot Langhaugen
mywebsite021004.jpg
Mot Svingeset og Ullsheimområdet. Lite snø i terrenget
mywebsite021003.jpg
Ny bru i Svingesetøyane
mywebsite021002.jpg
Snøproduksjon på Ullsheim
mywebsite021001.jpg
Øvrebergsetra badar i sol !
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
Eldre løypemeldingar (3):
Eldre løypemeldingar
(1)
Eldre løypemeldingar
(2)
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(4)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(5)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(6 - nyast)