Om oss
Verksemda vart stifta 2. januar 2005, og har driftsansvaret for turløypene mellom Ullsheim og Stryn Vinterski.

Dagleg leiar Arvid Hatledal har preparert løyper for Markane IL sidan slutten av 1970-talet. Pr. 2012 har han vore prepareringssjef  for alle dei 17 nasjonale og internasjonale meisterskapa på Ullsheim.  I  vintersesongen er Arvid  stort sett i prepareringsmaskina dagleg,  men vi får av og til hjelp av Øyvind, Torbjørn og Lars Ivar.
 

Sidan Turløyper Stryn vart stifta, har drivkrafta vore å få tilrettelagt eit løypenett der folk får lyst til å kome seg ut for tur og rekreasjon, - både vinter og sommar.  Med toppmoderne maskiner og utstyr, vert skiturløypene mellom Ullsheim og Stryn Vinterski  preparerte.  Stor sett vert det lagt 2 spor for klassisk, i tillegg god plass for friteknikk.  Vårt mål er å kunne tilby Vestlandets beste skiløyper!

Dei fleste traseane er grunnplanerte med eit toppdekke av  grus / bark. På grunn av arbeidet som er utført med dette, kan ein preparere løyper på svært lite snø. Sekundæreffekten av dette er fine stiar for sykkel og vandring i sommarhalvåret. 

Turløyper Stryn
Turløyper Stryn
i
media