Turløyper Stryn
Skiturlaget Ullsheim-Stryn er ei brukargruppe som støttar tilbodet med tilrettelegging av turløyper i eit fantastisk terreng mellom Ullsheim og Stryn Vinterski.

Det er store utgifter med drifting av bortoverløyper !

Vårt håp er at brukarane set pris på arbeidet som vert utført ved å kjøpe årskort.

Ein får ingen plikter ved å kjøpe årskort, men EKSTRA GODT SAMVIT når ein nytter løypetraseane !

Om vinteren er der preparerte skiløyper, og om sommaren er der tilrettelagde turstiar.

Pris årskort: ( 1.jan. - 31. des. ): Familie kr 975,- Enkel : kr 625,-
  
Alle som kjøper årskort har:

FRI PARKERING på Ullsheim. Legg kvittert årskort synleg i bilen !

Rabattar på sportsbutikkane i Stryn :
Ytre-Eide Sport AS og G-sport Stryn AS gjev: 15 % rabatt på ord.prisar på ski, stavar og sko for langrenn + langrennsbekledning frå Odlo, Swix, Bjørn Dæhlie og Nordheim. KUN ved å vise kvittert årskort !

Dersom du skulle ynskje å kjøpe årskort (enten enkeltårskort eller familieårskort) eller du treng meir informasjon for å vurdere dette, ber vi deg om å sende oss ei melding som vist nedanfor.
ÅRSKORT
Persondetaljar