Turløyper Stryn
mywebsite004026.gif
LØYPEKART
mywebsite004025.jpg
Eldre løypemeldingar
(1)
Eldre løypemeldingar
(2)
Eldre løypemeldingar
(3)
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(4)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(5)
Fredag 15. mars 2013 ca. kl. 12.00
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(6 - nyast)

God føremiddag !

 

Fredag 15. mars 2013 : 

SOOOL frå skyfri himmel, temp. - 7 grader ved Grendasetra kl. 11.

Litt trekk på toppane og kaldt i lufta, KLE DOKKE for vinterveir i høgfjellet !!

 

Denne veka har vi jobba MYKJE med å ta inn snø frå sidene for å få til "høgfjellsløypene" .

 

Den etterlengta løypa om Veten/Hogden er no ein draum å oppleve, ein følelse av å gå på Norges tak.

Fint å gå både frå Tverrfjellet og Svingesetøyane.

I Hogdenområdet er den litt omlagt i høve til før, - til det bedre :-)

 

Panoramaløypa er i dag preppa til endepunktet på Småskorane, - for første gong denne sesongen.

Framleis ein utruleg fin tur !

 

Til turane i "høgfjellsløypene" anbefalar vi at De tek sekk med EKSTRA KLE, MAT og DRIKKE !!

Ein går seg fort "tome" på slike turar, og det er kaldt i denne høgda.

 

Alle dei "vanlege" løypene mellom Ullsheim og Stryn Vinterski har kjempeforhold !

 

Etter litt påfyll av snø denne veka, er det no ein vinterdraum i alle løyper,

 - vi anbefalar alle som kan, til å nyyyte helga ute i naturen.

YR melder om fint veir leeenge framover :)

 

GOD TUR !!

 

Vinterhelsing frå

TURLØYPER STRYN

 

Info.telf :  906 37160 / 416 59859

Facebookside : Turløyper Stryn

mywebsite004021.jpg mywebsite004020.jpg mywebsite004019.jpg mywebsite004018.jpg
Onsdag 27. mars 2013 ca. kl. 12.00

Hei alle saman !

 

Onsdag 27. mars -13 :

 

Etter mange nydelege og strålande dagar, har vi i dag fått ein liten pause med litt skyer på himmelen, temp. ca. - 1,5 grader.

Meir sol og blå himmel er lova vidare i påska :)

 

I løypene har det vore eventyrleg, - både når det gjeld folk som er ute, veir og forholda i sporet.

 

For alle som likar å kome seg opp i høgda anbefalar vi både Hogden/Veten og Panoramaløypa til Småskorane.

Det er også preppa bakover til Blånibba og Rypedalsjølet, med utgongspunkt frå Panoramaløypa,

- både  etter Grendasetra og bak i Noradalen.

I traseen til Rypedalsjølet anbefalar vi fjellski.

 

Elles vert alle dei vanlege løypene inne på fjellet "pussa" på ved behov.

Glimrande forhold over alt !

Hugs å ta med ALT rusk når de rastar, så vert det kjekt også for nestemann.

I området rundt Holsetra har vi laga til nokre "snørasteplassar".

 

Meldingar nesten dagleg på vår facebookside : Turløyper Stryn

 

Med ynskje om ei triveleg påskefeiring til alle saman !

 

Påskehelsing frå

TURLØYPER STRYN

Hildegunn og Arvid

Infotelf. 906 37160 / 416 59859

mywebsite004015.jpg mywebsite004014.jpg mywebsite004013.jpg mywebsite004012.jpg mywebsite004011.jpg
VINTEREN 2022 / 2023
Løypemeldinger finn du på Facebooksida: Turløyper Stryn

Med "glansbilde" frå julafta -14, ynskjer vi alle saman GODT NYTTÅR !

 

Det var ei julehelg med flotte vinterforhold i turløypene.

 

Mange som set ned i bygda og kvir seg på å gå ut i "ruskeveiret", fortvil ikkje, på fjellet er det fint nesten støtt :) - berre å kle seg etter forholda !

 

Med ynskje om maaaange flotte vinterdagar i det nye året, -vi skal gjere vårt for at løypene vil lokke ;)

 

ÅRSKORT 2015 :

Familie kr 800  Enkel kr 500

Konto : 6557 05 08177

 

De støttar  - vi gjer jobben :)                                                                                  

mywebsite004007.jpg
TIDLEGARE ÅR:
2. januar 2015