Turløyper Stryn
mywebsite002015.jpg
Løypenettet som Turløyper Stryn vedlikeheld er omfattande og med høg kvalitet både for klassisk og skøyting.

Det er i tillegg lagt til rette for store naturopplevingar for både for turistar, hyttebuarar og fastbuande - amatørar som profesjonelle! :-)
 
Sjå utsikta frå den fantastiske panoramaløypa nedanfor (etter løypekartet).
 

Ullsheim :  Markane IL sitt anlegg.  Sjå www.markane.no

Fylkesanlegg for ski – og skiskyting. Lysløyper , skiskyttaranlegg, skileikbakkar, rulleskibane. 

God parkeringskapasitet, toalett og garderobar. Kiosken er kun  open ved arrangement.

« Årestova»  ved arena er eit grindverksbygg med open eldstad -  dei som ynskjer kan nytte denne. Vær snill å legg att betaling i kassa for brukt ved . Organiserte grupper må tinge «Årestova»  ved å henvende seg til Markane IL.  

 

TURLØYPER  mellom Ullsheim og Stryn Vinterski.

Ullsheim 350 m.o.h. – Tverrfjellet 430 m.o.h. ca. 4 km.

Lettkupert løype frå Gardstøylane, forbi Dybevoll  og hyttefeltet der, innover mot  Svingesetøyane, derfrå stigning til Tverrfjellet.  Frå Svingesetøyane løypekryss mot Veten ( fjell-løype ).


 

Tverrfjellet 430 m.o.h. – Stryn Vinterski  330 m.o.h.  ca. 2,5 km

Løypa ligg fint i terrenget. Stort sett unnabakke.

 

Tverrfjellet 430 m.o.h. – Tonningsetra  432 m.o.h.-  Vikadalen  – Holesetra 556 m.o.h.  Ca. 4,5 km

Frå Tverrfjellet til Tonningsetra lettkupert fin løype. De passerer Spjelkebu som er Røde Kors hytte. Bemanna i påska. Frå Tonningsetra oppover Vikadalen ligg løypa fint i terrenget med jamn stigning til Langhaugen, deretter flatt mot løypekryss under Holsetra.

 

Bjørneløypa  1,7 km:  Lettkupert løype mellom Spjelkebu og Langhaugen.

Fin og spennande løype der de passerer bjørnehiet i Hidehojen . :-)   Historia kan det lese ved å klikke her -->

 

Tverrfjellet 430 m.o.h. – Øvrebergsetra  470 m.o.h. – Holsetra 556 m.o.h.  ca. 2,5 km

Løypa ligg fint i terrenget med jamn stigning frå Tverrfjellet forbi Spjelkebu og vidare opp bakkane forbi Øvrebergsetra mot toppen. Der flatar det ut mot Langhaugen og  Holsetra.

 

Holsetra 556 m.o.h. – Ullsheim 350 m.o.h.  ca. 4 km

Her er det flatt terreng  før det vert litt brattare unnarenn mot Turrhaugen. Frå Turrhaugen mot Ullsheim litt bratt bakke, men løypa er lagt fint i terrenget. Vis varsemd ned bakken frå Turrhaugen.

 

Fjell-løyper :   ( vert preparert ved gode veirmeldingar )

Panoramaløypa : frå Holsetra  556 m.oh. – Grendasetra  625 m.o.h. – Småskorane 856 m.o.h.

Løypa ligg fint i terrenget med lett stigning frå Holsetra til Grendasetra.  Deretter  god stigning mot Småskorane.  Første del av løypa har panoramautsikt mot Nordfjorden og  fjella i indre Nordfjord, ved endepunkt ser ein  Grodås, Hornindalsvatnet og fjella mot Sunnmøre. Ein flott tur i fint veir. Vi anbefalar at de tek med sekk med ekstra kle og mat / drikke.

Frå Grendasetra  er det bratt løype ned til Ullsheim.

Rundt påsketider  vert det også lagt løype frå Noradalen mot Blånibba.

 

Tverrfjellet 430 m.o.h. – Hogden 577 m.o.h. – Veten 588 m.o.h. – Svingesetøyane 330 m.o.h.

Traseen frå Tverrfjellet er lagt i slynger mot toppen. Deretter langflate platå mellom Hogden og Veten. Med utgongspunkt frå Svingesetøyane mot Veten, lettkupert og langstrekte bakkar. Frå Veten fin utsikt mot Nordfjorden, Strynedalen, Hornindalsvatnet og fjella rundt alle stader. Frå Hogden god utsikt mot Stryn sentrum, alpinområdet Stryn Vinterski og hyttegrendene på Bøanedsetra, Hydla og Tverrfjellet.

 

Du finn løypekartet nedanfor (dersom du klikkar på kartet kan du laste ned .pdf fila)!


Frå Panoramaløypa (Småskorane) mot Hornindal:
mywebsite002001.jpg