mywebsite001017.jpg
TURLØYPER STRYN
Verksemda vart stifta 2. januar 2005, og har driftsansvaret for turløypene mellom Ullsheim og Stryn Vinterski.

Dagleg leiar er Arvid Hatledal.

Selskapet driftar og administrerer det praktiske og økonomiske vedrørande opparbeidde sommarturstiar i løypetraseane, preparering av skiturløyper, skilting, vedlikehold og mykje meir.

Turløyper Stryn får kommunalt driftstilskot. I tillegg hentar ein inntekter gjennom sponsorstøtte frå næringslivet og årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn. Med Markane IL har vi avtale vedrørande preparering på skianlegget Ullsheim og Stryn Turn & Idrettslag for preparering av lysløypa ved Stryn Vinterski.
 
Selskapet har trakkemaskiner m/hydraulisk sporleggingsutstyr, snøscooter, bandvogn, krattknusar og ein 6 hjuls ATV. Anna maskinelt utstyr som trengst, har ein tilgong på å kunne leige.

Det meste av aktivitetane har sitt utspring frå Markane Idrettslag sitt anlegg på Ullsheim - sjå eige kart (og bilde over anlegget) nedanfor for tilkomst (kartet skal oppdaterast).

Vi ynskjer alle velkomen til fantastiske opplevingar her i Nordfjord.
Turløyper Stryn
KART TIL ULLSHEIM
mywebsite001014.jpg


ULLSHEIM WEBCAM
mywebsite001001.jpg